Frå hinduisme til kristendom (Norwegian)

Den velståande høgkaste-hinduen Ramachandran (46) var ei hovudpine for evangelistar og andre kristne i Kerala. Den religiøse gruppa han var med i avbraut og laga bråk i evangeliske møte. Men Gud hadde planar om eit brått skifte – som med kristenforfølgjaren Saulus i Nytestamentet.

Tekst: Håkon Norheim

Mange kristne levde i otte på grunn av Ramachandran og gruppa hans. I fylgje politiet var den ytterleggåande hinduisten ein kriminell, men på grunn av kontaktane han hadde i politiske krinsar var tilsynelatande ingen i stand til å stogga han. I jula 2007 forstyrra Ramachandran og nokre av venene hans bønemøta og juleprogrammet til Gospel India Mission i Kerala.
I januar i år hende det så plutseleg noko med han sjølv. Tobarnsfaren Ramachandran vart lam. Familien hans tok han med til fleire sjukehus og hindutempel, men fann ingen botemiddel. I mars byrja Ramachandran å innsjå sine sine skadelege handlingar. Han bad kona ta han med til ei lokal kyrkje. Det gjorde ho, om enn motvillig, og utan at slektningane visste det. Der bad pastoren for han, delte om Guds kjærleik, og fortalde historien om Paulus si dramatiske omvending i Apostelgjerningane.

Total forvandling
Ramachandran tok imot Jesus. Samstundes kjende han Guds kraft fysisk i kroppen. Han fall på andletet sitt og bad Gud om tilgjeving for det vonde han hadde gjort mot hans folk. Etter om lag ein månad var han fullstendig frisk, og kunne gå utan problem.
Den totale forvandlinga og den mirakuløse lækinga Ramachandran opplevde førde familien hans og mange av venene hans til Kristus.
– No hjelper han og familien lokale kyrkjer med å nå hundrevis av hinduar med Guds Ord. Ville det ikkje vera fantastisk om Gud brukar Ramachandran slik han brukte Saul? spør Santhosh Chellappan, leiar i Gospel India Mission, i ein e-post.
– Ver venleg å be for Ramachandran og familien hans no som dei tek opp krossen sin og fylgjer Herren, oppmodar Chellappan.
– Dei er truga av hinduistiske grupper. Men dei har avgjort at dei vil følgja Kristus resten av livet, og tena han når og kvar som helst dei er i stand til det.

Frå Marx til Jesus
Misjonsleiar Santhosh Chellappan har sjølv ei dramatisk historie. Han var aktiv kommunist som ungdom og trudde på fridom gjennom krig heller enn ved Guds nåde. Men som 22-åring møtte han Jesus. Ein konsekvens av det var fleire år med truslar frå partiet han hadde arbeidd for. Han vart òg avvist av sin eigen familie, som hadde oppdrege han til å verta kommunist og marxist.
Chellappan byrja å arbeida som evangelist i Nord-India, der berre éin prosent vedkjende seg kristendommen. Seinare grunnla han Gospel India Mission, som no har 76 arbeidarar i åtte delstatar. Dei lokale kyrkjene underheld pastorane sine, medan nokre av arbeidarane har anna arbeid utanom.
Det høyrer med til historien at systera og foreldra til Santhosh òg har vendt om til Jesus. Santhosh er gift med Ajitha, og dei har ei dotter og ein son.Chellappan_Santhosh
Kvart år vert meir enn 50 evangelistar drepne i India. Tusenvis av kyrkjer vert brende, og mange kristne vert forfylgde av hinduistiske grupper. Fleire delstatsstyresmakter har vedteke ei lov mot omvendingar, noko som går direkte ut over kristne aktivitetar.
– Be med oss om at Gud må reisa opp fleire som Ramachandran som kan forkynna Kristus til hinduane, oppmodar Santhosh Chellappan.

Biletet: Santhosh Chellappan i Gospel India Mission leier eit veksande arbeid mellom fattige i India.

FOTO: GIM

Fakta om Gospel India Mission:

  • GIM hjelper fattige born med bøker, skuleuniformar og pengar til skulegonge
  • Driv to barneheimar med til saman 30 born
  • Besøkjer sjukehus og tenestegjer overfor pasientane
  • Driv leseopplæring
  • Plantar kyrkjer og arrangerer misjonsprosjekt
  • Hjelper offer for naturkatastrofar